Legg opp til store investeringar i Hornindal og flytting av elevar frå Austefjorden

Bustadfelt og ny brannstasjon

Ny brannstasjon på Grodås, ferdigstilling av Løvland bustadfelt og infrastruktur Grodås Aust er nokre av investeringane i rådmannen sitt forslag til budsjett og økonomiplan. Også flytting av skuleelevar frå Austefjord til Hornindal.

Løvland bustadfelt: Ferdigstilling av bustadfeltet, inkludert fortau frå barnehagen, forbi bustadfeltet og med påkopling til Kirkhornsbakkane bustadfelt, ligg inne i rådmannen sitt budsjettforslag for 2020.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Etter mange pålegg frå Arbeidstilsynet, har rådmann Rune Sjurgård kome dit at ny brannstasjon på Grodås må prioriterast. Han har sett av 5 millionar kroner i 2020 og 15 mill i 2021 til dette prosjektet. I tillegg 400.000 kroner komande år til vaktbil. Det er og budsjettert med ein halv milion kroner til brannvernutstyr i kommunen kvart av dei fire komande åra.