Gode råd og røvarhistorier

Ernæringsfysiolog Heidi Holmlund og treningsekspert Mathias Lilleheim er føredragshaldarar når Stryn idrettsråd (SIR) inviterer til temakveld måndag.

Mattips: Heidi Holmlund har nyleg flytta til Stryn. Ho er tilsett som ernæringsfysiolog i Olympiatoppen og vil dele gode matråd på temakvelden til SIR. Her frå eit besøk i Sport und Spaß. 

Nyhende

Begge er busett i Stryn og begge har ei fortid i Olympiatoppen. Nytilflytta Holmlund har framleis eit engasjement der og jobbar i dag tett mot landslaga i handball og fotball. Då også Lilleheim var i Olympiatoppen jobba dei begge med langrennslandslaget i mange år.