- Jentene gler seg veldig til kamp

Klare til kamp: Stryn kunne juble då førsteplassen i 3. divisjon var sikra. F.v. Kaisa Vollsnes Wemby, Marie Johannsdottir, Astrid Bjørke, Hedda Vatn Øvreberg, Karoline Flo.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Damelaget til Stryn sin kvalikkamp mot Loddefjord søndag er deira siste heimekamp for sesongen.

– Laget har spelt fin fotball heile sesongen, og vi håpar på mykje folk, god stemning og ei fin oppleving for jentene, seier dagleg leiar i Stryn fotball, John Os.

- Jentene gler seg veldig til kamp. Vi får håpe på bra med publikum på søndag, seier strynetrenar Johann Sigurdsson.

Ifølgje vêrmeldingane ligg det an til gode speleforhold, sjølv om gradestokken vil vise rundt null grader.