Kontroll av tungtransport på Folven

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde tungtransportkontroll på Folven tysdag.

Ein førar vert meld for å drive transport utan godkjent yrkeskompetansebevis, og to førarar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

Det vart utferdiga eitt gebyr for manglande bombrikke, og ein fekk mangellapp for tekniske manglar.