Kommunestyret for nye Volda møttest i Stryn:

Trang fødsel for nye Volda

Rådmannen i Volda la fram eit dystert budsjett- og økonomiplan torsdag morgon

I Loen: Voldarådmann Rune Sjurgard og administrasjonen la fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan for dei neste fire åra. Det nye kommunestyret fekk ein tøff start med varsel om tøffe utfordringar når dei skal begynne å behandle budsjett- og økonomiplan politisk. Møtet vart arrangert på Hotel Alexandra i Loen der politikarane tok del i KS sitt folkevaldprogram 2019 – 2023.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Dei omfattande kuttforslaga svarar til nesten 50 millionar kroner på fire år. Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel sa til Fjordingen etter orienteringa at han registrerer lite innsparingstiltak i dagens Hornindal.