– Første jobb som tilsett

Det er to veker sidan Per Kjøllesdal (Sp) overtok ordførarkontoret etter Sven Flo. Og det er ikkje berre ordføraroppgåvene som er nye, også tilværet som tilsett med fast kontorplass blir nytt for bonden frå Utvik.

Første jobb som tilsett: Per Kjøllesdal (Sp) har vore bonde i Utvik heile sitt vaksne liv, noko han aktar å halde fram med. Ordførarvervet er hans første jobb som tilsett, og fast kontorplass blir noko heilt nytt. 

Nyhende

– Eg har eigentleg vore bonde heile livet. Eg har vore busett utanfor Utvik kun eitt år, det var då eg var i militæret. Dette er første gong eg så nær sagt har hatt fast jobb, fortel Kjøllesdal når vi møter han på kontoret.