Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan

Budsjetterer med investeringar for nær 130 milllionar

Torsdag vart rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan lagt fram for politikarane. – Dette er eit budsjett der ein slepp å velje mellom pest og kolera, sa Rune Hovde.

Forslag: Rådmann Rune Hovde presenterte torsdag ettermiddag sitt framlegg til budsjett. No er det opp til politikarane om dei er samde med administrasjonen i prioriteringane. 

Nyhende

Men i følgje strynerådmannen er det gjengs for dei fleste kommunar at ein må forvente ein nedgang i økonomien etter fleire gode år. Dette kjem blant anna til uttrykk i overføringane frå staten. I budsjettet for 2020 er det lagt inn ca 228 millionar i rammetilskot. Til samanlikning var dette over 249 mill. i 2018.