Reiselivskonferanse i Loen:

Fokus på vekst i skuldersesongen

Heilårsturisme var tema for årets reiselivskonferanse som vart arrangert over to heile dagar i Loen.

Framfor ein fullsett sal fortalde Richard Grov om den spede starten med hotell i Loen til det det er blitt i dag. Han vart fleire gongar åtvara mot å satse for høgt. – Unødvendig luksus, sa dei, og det var det, men kundane ville betale for det, sa Grov med referanse til Hotel Alexandra der konferansen gjekk føre seg i år. 

Nyhende

– Heilårsturisme gir jo ikkje berre større lønsomheit, men det gir faste arbeidsplassar og tilflytting til dei små plassane i fylket framfor berre sesongarbeid og sommarjobbar, seier seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Inger Merete Øygard og Anne Silje Sylvarnes i fylkeskommunen som representerer arrangøren av konferansen som og er ein viktig møteplass for næringslivet.