Ny innsamling av julegåver til Fattighuset

Komande veke blir det ny innsamling av julegåver til Fattighuset i Oslo.

Ny innsamling: – Det er heilt supert at så mange vil bidra med julegåver til Fattighuset , både private og bedrifter i Stryn, fortel initiativtakar Sonja Moen.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Folk kan levere inn gåver på kaia ved Thor Tenden Transport tysdag 12., onsdag 13. og torsdag 14. november, fortel initiativtakar Sonja Moen.

Det er sjette året med denne innsamlinga, og som tidlegare år skal gåvene ikkje pakkast i gåvepapir, men leverast i pappkasser. Som i fjor skal nye ting merkast med «nytt», og brukte ting med «gammalt».

– Då vi starta opp med denne innsamlinga i salongen, trudde eg aldri at det skulle bli så stort. Det er heilt supert at så mange vil vere med, seier ei takknemleg Moen. Butikkane i Stryn har vore veldig samarbeidsvillige, nokre leverer opp til 30 kasser. Privatpersonar har også engasjert seg, og det set vi utruleg stor pris på, seier Moen.

Utan Rolf Olav Tenden og hans tilsette hadde ein ikkje fått dette til. Dei gjer den største jobben som fraktar alle kassene til Fattighuset i Oslo.

– Her gjer primus motor Thomas Egge ein veldig viktig jobb med å ta imot kassene, så dette er like mykje hans prosjekt, legg Moen til.