Arrangerte open dag

Markane IL arrangerte open dag på Ullsheim førre søndag. Her fekk interesserte nybegynnarar ei lita innføring i skiskyttar-sporten.

Nybegynnarar: Paul Hatledal fortel om våpenet som blir brukt i skiskyting. F.v. Herman Hillestad Dysthe, Brita Svarstad Heggdal, Ronja Hatledal Sveen og Maria Hammer, Ludvig Loen og Arn Flo Tonning.  Foto: Markane IL

Nyhende

– Det var ein flott dag på Ullsheim, seier Sissel Svarstad i Markane IL. Ho fortel at alle elevane i 3. og 4. klasse i heile kommunen hadde fått invitasjon.