Gode skussmål til lokale Lego-lag

Litt trøbbel: Elias Langeset (t.h.) og Fredrik André Sunde frå Stryn ungdomsskule fekk litt plunder med roboten under første runde i First Lego League på Nordfjordeid. Her med dommar Bjørn Brekk frå verksemda Normatic.  Foto: Anne- Mari Aalberg

Nyhende

Oppgåva som elevane i år fekk bryne seg på i årets First Lego League, var å spekulere ut innovative utformingar for tettstader.

«City Shaper» var tittelen på oppgåva som elevane fekk i september. Og mange lag synte kreative evner og utforskartalent i løysingane dei presenterte for dommarane i Operahuset Nordfjord laurdag.

Sjølv om robotkøyringa er show-prega og får mest merksemd, utgjer dette ein liten del av totalvurderinga for dommarane. Elevane skal i konkurransen synleggjere tankar og utforming gjennom ein stand, forklaring av det teknologiske arbeidet med roboten og gjennomgå heile prosjektarbeidet.

Alt med lydhøyre og årvakne dommarar til å vurdere innsatsen på ulike område.

Mange dommarar: Det er mange frå utdanning og næring som stiller på jobb som dommarar. Her er dommarpanelet for teknisk utgreiing: frå v: Lisa Mari Mo frå Opplæringskontoret for elektrofag, Kristina Kostopoulos frå Stad kodeklubb og Peter Myklebust frå Nordfjord Kjøtt.  Foto: Anne- Mari Aalberg

Laget Lur Arkitektur frå Eid ungdomsskule gjekk helt til topps og vart kåra til First Lego League Champion i denne lokale utgåva. Elevane skal vidare og kjempe om å bli best i Skandinavia. Sande skule vann robot-konkurransen og kjerneverdi-prisen.

Frå Indre Nordfjord vart det ikkje pris, men laget frå Hornindal skule var nominert i kjerneverdi-kategorien.

Laget frå Stryn ungdomsskule fekk mykje ros av dommarane for idé og gjennomføring, og meiner dei kjem sterkt tilbake neste år.