Honndøler og gjester jubla for dagsturhytte med flott utsikt

– Utan Atle Skrede som idemakar, forslagsstillar og pådrivar, hadde vi aldri sett alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Atle Skrede er dagsturhyttene sin far, sa ordførar Stig Olav Lødemel då han stod for den offisielle opninga av hytta i Hornindal laurdag.

100 frammøtte: Rundt 100 personar møtte til opning av dagsturhytta i Hornindal. Hytta er blitt ei av dei dyraste, men er til gjengjeld ei av hyttene med flottast utsikt. Vel verdt å juble for, meinte små og store som møtte til offisiell opning. Brynhild Lund Notøy opna programmet med å fortelje om Nakkebruna som kulturelt knutepunkt. Inge Haugen og deretter Laura Haugen stod for dei musikalske innslaga.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Små og store, og langt frå alle heimehøyrande i Hornindal, var samde om at dagsturhytta på Nakkebruna i Hornindal har ei fantastisk utsikt.