Kulturnatta i Hornindal i gong

Stig Ulv: Klar til å starte konserten i Svor-museet fredag kveld. Nokre av publikum satt nede, andre oppe på galleriet.   Foto: Hannah Sofie Flaten

Nyhende

Fredag var det duka for gitarspel og mørketidskonsert i Svor-museet i Hornindal. Stig Ulv sto for musikken då om lag 60 publikummarar møtte opp til konsert.

Alt av lys blei slått av under konserten, med unntak av ei lita leselampe ved sida av artisten sjølv. Meininga med dette var å fjerne alle sansar utanom høyrsla. Stig Ulv kunne avslutte konserten med stor applaus frå publikum.

Etter konserten kunne kunstformidlar Fridtjov Urdal tilby omvisingar på museet til dei som ynskja det.

Spelemannslaget starta kulturnatt i Hornindal tidlegare på dagen med konsert på omsorgssenteret. Laurdag held kulturnatt fram med offisiell opning av dagsturhytta, ny konsert i Svor-museet, kino på Dølheim og quiz på Løvland Spiseri.