Lag frå Stryn og Hornindal i fylkestevling

I dag er det fylkestevling i First Lego League med skulelag frå blant anna Stryn og Hornindal. Her er robotrundane i gang med laget frå Hornindal (i rødt) mot laget frå Nordfjordeid.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Eitt lag frå Stryn ungdomsskule og eitt lag frå Hornindal skule deltek laurdag i fylkestevlinga i First Lego League i Operahuset på Nordfjordeid.

Dette er ein internasjonal kunnskaps- og teknologikonkurranse med skuleungdom frå heile Sogn og Fjordane. I løpet av ein arbeidsperiode på mange veker før fylkesfinalen, er målet at elevar skal oppleve skaparglede, gjennomføre eigne idear og lære seg å programmere.

Akkurat no er det hektisk aktivitet og stor spenning i operahuset med blant anna robotkonkurransar før finalen i ettermiddag.