Satsar på langopne butikkar

Åtte butikkar i Stryn har børsta støv av ordninga med langope torsdagar. Dei håpar fleire hiv seg med.

Satsar på langope: F.v. Lisbeth Husevåg (Sport1), Wenche Lindvik Aaning (Moods), Marianne Skåre (Skogstad), Henriette Blaalid (Lind), Kari Nordnes Svarstad (Voma), Hege Gjerde (Ricco Vero) og Nora Tannæs-Fjeld (Tid for påfyll). I tilllegg er Intersport med på ordninga. 

Nyhende

– Det var tilbod før om langope på torsdagar, men så gjekk ein vekk frå det. Så det er den tråden vi tek opp att, seier Wenche Lindvik Aaning i Moods. Dei har saman med sju andre butikkar bestemt seg for å satse på langope heilt til klokka åtte. Dei fleste har allereie testa ut ordninga eit års tid, men merkar at det er behov for å samkøyre og marknadsføre tilbodet, for det herskar ei viss forvirring ute blant kundane. Sidan det ikkje gjeld alle butikkane i gata opplever dei at mange blir overraska over at butikkdøra er open etter kl 17.