Utteken til juniorlandslaget i diskos

Etter nyttår blir det treningssamlingar med diskos-juniorlandslaget på Toppidrettssenteret i Oslo for oldaren Steffen Melheim.  Foto: Hasse Sjögren DECA

Nyhende

Steffen Melheim frå Olden IL er som venta utteken på juniorlandslaget U20 i diskos.

Dette laget består av ti kastarar. Totalt består U20-laget av 78 utøvarar fordelt på dei ulike friidrettsøvingane. Andre frå Sogn og Fjordane er Mathias Reksten Dale, Breimsbygda i kule og Arne Devik, Brodd i slegge.

Det er lagt opp til treningssamlingar på Toppidrettssenteret i Oslo i januar, februar og mars. Steffen har status som ein av få såkalla prioriterte utøvarar. Dette gjeld dei som vert rekna som medljeekandidatar i internasjonale meisterskap, og inneber blant anna meir økonomisk støtte frå forbundet si side, fortel Hans-Petter Galtung på nettsidene til Olden IL.