Stryn møter Loddefjord i første opprykkskamp:

– Vi er klare!

Stryn sitt damelag i fotball held det framleis gåande med treningar på Stryn stadion, trass minusgrader og rim på bana. Den første av to opprykkskampar står for tur.

– Vi er klare til kamp: Nokre av spelarane på damelaget som gjer seg klare til opprykkskampar. Bak f.v. Katrin Opheim, Emma Njøten, Hege-Renate Glosvik Espeland, Hedda Vatn Øvreberg, Marie Johannsdottir, Anna-Sofie Auflem. Framme f.v. Sofie Njøten og Hermine Kjøsnes.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Søndag er det alvor att for laget som vann 3. divisjon i Sogn og Fjordane. Då står Loddefjord frå Hordaland på motsett banehalvdel.