Maiken og familien frå Stryn i NRK-serie

Maiken Tansøy Stølen (7) er veldig glad i storebror Lukas. I dokumentarserien “Bli med heim” på NRK Super får sjåaren bli med inn i ein litt annleis kvardag. Lukas har nemleg fått kreft og må bu på sjukehus.  Foto: Oddmund Haugen/NRK

Nyhende

NRK Super er tilbake med nye episodar av dokumentarserien “Bli med heim”. Tysdag denne veka viste TV-kanalen episoden der vi møter Maiken (7) frå Stryn som fortel om korleis det er når eit familiemedlem blir alvorleg sjuk.

Episoden kan ein no sjå på NRK Super si nettside.

Maiken Tansøy Stølen (7) er veldig glad i storebror Lukas. I dokumentarserien “Bli med heim” på NRK Super får sjåaren bli med inn i ein litt annleis kvardag. Lukas har nemleg fått kreft og må bu på sjukehus. Kvardagen er brått forandra, og Maiken saknar å ha storebroren sin heime. Ho besøker han på sjukehuset og håpar han skal bli frisk slik at han får komme heim igjen

“Bli med heim” er ein dokumentarserie om barn som veks opp i ulike familiar. Her får sjåarane møte familiar som på ein spesiell måte påverkar korleis oppveksten til barna er, fortel programskaparane i ei pressemelding.

Sesong 3 av “Bli med heim” byr på 12 episodar. 12 barn som stolte tar oss med inn i sine heimar. Gjennom dei blir sjåaren kjent med familien og kvardagen deira.

I årets sesong blir vi med heim til Lydian som er pinseven, Dina som bur på husbåt, og Sanna Helene som blei til ved hjelp av donor. Vi blir også kjent med Linnea som har ein pappa i fengsel, og familien til Tuuli lever av og til slik dei gjorde i steinalderen.

Familien til Aune driv ei turisthytte på fjellet og Tasnim og familien flykta frå krig. Heile familien til Håkon spelar i korps, og Selma saknar bestemora i Afrika, men har fått reservebesteforeldre i Måløy. Kristian og familien hjelper kattar som ikkje har ein heim, og Marlene si mamma har hatt hjernebløding og no er det vanskeleg for ho å prate.

Målet med serien er å vise mangfald og gje kunnskap om det som er annleis. Men det er også viktig å vise at sjølv om noko er ulikt, så er ofte mesteparten likt likevel.

Dei seks første episodane kjem kvar tysdag frå 22.oktober i Barne-TV og i nettspelaren til NRK Super. Frå desember vert dei seks siste episodane å sjå som ein del av Julemorgen på NRK Super.

-Vi håpar at barn og småbarnsfamiliar i heile Norge vil like å bli kjent med desse barna og familiane deira. Årets sesong har eit vidt spekter og er innom tema som er både alvorlege, rørande og morosame, seier prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane, Stine Kyrkjebø Johansen, i pressemeldinga.

Episoden med Maiken og familien frå Stryn ligg no ute på NRK Super sine nettsider.