På vintercruise gjennom islagt fjord

Cruiseskipet Astor måtte "brøyte" seg veg gjennom isen for å legge til kai i Olden søndag.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Siste cruiseskip i Olden denne sesongen vart møtt med ei islagt bukt, fem minusgrader og svak vintersol søndag.


Fotspor i snøen er ikkje daglegdags for mannskap på kaia som tek imot cruiseskip. 


For godt kledde passasjerar på Astor var det nok eksotisk å få oppleve ein kald novemberdag på nært hald.

Dei vart møtte av klare guidar og oppvarma bussar, med kursen for utflukter i eit vinterprega indre Nordfjord.

Med lue på toppen vart passasjerane møtte med kvite fjell og kald novembersol. 


- Det var kaldt i dag, men det er nok ei stor oppleving for passasjerane, fortalde ein litt hustrig guide på kaia.

Lokale måsar venta tolmodig på isen, og ein del folk møtte opp for å sjå på cruiseskip i november.

Astor ligg til kai til sekstida søndag, og avsluttar ein lang cruisesesong i Olden som skip nummer 102.