TV-opptak frå treskifestivalen kjem på skjermen

Jon Arild Jøingsli frå Skjåk er med i TV-serien «Wunderland» , og måndag kveld viser TV2 Zebra opptak frå då han deltok på treskifestivalen i Stryn tidlegare i år.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Jon Arild Jøingsli frå Skjåk, kjent frå TV-serien «Wunderland» på TV2 Zebra, deltok på treskifestivalen i Stryn i februar.

Han hadde eit stort kamera-team på slep, og resultatet av opptaka kjem no på skjermen.

Måndag kveld blir opptaka frå treskifestivalen i Stryn vist i ein ny episode av Wunderland på TV2 Zebra.

Dokumentarserien følgjer livet til fleire personar som har bilkøyring og ragging som livsstil. Sist veke var ein ny sesong i gang, og Jon Arild Jøingsli frå Skjåk er ein av hovudpersonane i serien.

– Heilt topp arrangement, god stemning, positivitet og flott dugnadsånd. Dette er også sesongstart for oss, fortalde Jøingsli til Fjordingen då han var med på treskifestivalen i Stryn tidlegare i år.