Biskopane beklagar undertrykking av folkemusikken

Biskopane i Den norske kyrkja seier seg "sterkt leie" for skepsisen og avvisinga av folkemusikk i Kyrkja opp gjennom tidene, og dei problema det har skapt for enkelte spelemenn.

Folkemusikaren Hallvard Bjørgum frå Setesdal har lenge meint at Kyrkja har behandla folkemusikarar og folkemusikk så ille oppgjennom at det hadde vore på sin plass med ei offentleg unnskyldning. Den unnskyldninga har han og resten av folkemusikken no fått frå eit samla bispekollegium.   Foto: Foto: Hallvard Østrem / NPK

Nyhende

Det går fram av ei fråsegn biskopane samrøystes og i forståing med Kyrkjerådet vedtok på Bispemøtet i Oslo i midten av oktober.

– Vi er svært leie oss for uretten som er gjord mot folkemusikken, seier preses for biskopane Helga Haugland Byfuglien til vekeavisa Dag og Tid.

I fråsegna vedgår biskopane at den fiendtlege innstillinga til mange kultur- og musikkuttrykk, blant dei folkemusikken, òg har ramma enkeltkunstnarar hardt. Samtidig understrekar dei at Kyrkja i dag har ei heilt anna og open innstilling til kunst og musikk, og at folkemusikken no har "den beste godkjenning".

Bakgrunnen for fråsegna er den dokumentasjonen som folkemusikar Hallvard T. Bjørgum frå Setesdal dei siste åra har samla om korleis Kyrkja har gjort livet vanskeleg for mange spelemenn i Setesdal og andre stader, blant dei legender som Knut Jonsson Heddi og Neri Gunsteinson Neset. Organisert felebrenning var ikkje uvanleg for å ta knekken på "synda", og mange slåttar har gått tapt på grunn av den kyrkjelege maktbruken.

– Det er ingen som går til grunne i dag på grunn av Kyrkja, men skamma har prega folkemusikkmiljøet fram til moderne tid, seier Hallvard T. Bjørgum til avisa.

Bjørgum har fleire gonger oppmoda Kyrkja til å unnskylde den bryske undertrykkinga av folkemusikken, men i første omgang utan å få gehør for det i Kyrkja. Seinare har enkeltprestar sagt seg lei for den kyrkjelege behandlinga av folkemusikken. No har han fått det skriftleg frå høgste hald.

(©NPK)