Søndag blir det avgjort:

– Vi skal spele som vanleg, og så får vi som fortent

Stryn tek den lange turen til Sandnes til den siste og avgjerande kampen om ein plass i neste års 2. divisjon i fotball for damer.

Godt utgangspunkt: Stryn og Kaisa Vollsnes Wemby har eit godt utgangspunkt før møtet med Lura. Sandneslaget, som tapte 2–8 for Loddefjord i sin første kvalikkamp, er nøydde til å vinne med meir enn tre mål mot Stryn.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

Søndag skal det heile avgjerast, og like før klokka 16.00 får vi vite om Stryn kan kalle seg eit 2. divisjonslag eller ikkje.

Vil spele som vanleg

Trenar Johann Sigurdsson seier at Stryn vil spele slik dei har gjort heile sesongen:

– Ja, det blir viktig. Det blir berre stress viss vi skal spele på resultat. Vi skal spele som vanleg, og så får vi som fortent. Viss vi ikkje klarer dette er vi ikkje gode nok for 2. divisjon, så enkelt er det.

Vatn Øvreberg tilbake

I førre kamp mot Loddefjord måtte Stryn klare seg utan viktige Hedda Vatn Øvreberg, men til denne kampen er midtbanespelaren tilbake. Stryn klarar seg med uavgjort, men kan også tillate seg å tape, då ikkje med meir enn tre mål.

Med 550 kilometer frå Stryn til Lura i Sandnes så reiser stryningane allereie laurdag morgon. Kampstart søndag er klokka 14.00, og kampen blir streama på Fjordingen sine nettsider.