- Kle deg ut på Harry Potter-dag

Populær: Laurdag kan born, ungdomar og vaksne kle seg ut som Harry, Hermine eller nokon av dei andre trollmennene og heksene på Galtvort, og bli med på Harry Potter-dag på biblioteket i Stryn  Foto: Filmweb

Nyhende

I år er det 20 år sidan den første Harry Potter-boka kom ut på norsk. Stryn bibliotek ønskjer å hylle desse bøkene med ein eigen Harry Potter-dag, laurdag 16. november!

Harry Potter-bøkene er ein serie på sju fantasy-romanar for barn, ungdom og vaksne skrive av den britiske forfattaren J.K. Rowling. Etter at den første boka kom ut i 1997, har serien blant anna blitt kåra til dei beste ungdomsbøkene gjennom tidene.

På laurdag vil ein møte utkledde bibliotekarar og mange morosame aktivitetar, som å lage ein eigen tryllestav, monsterbok, eller kva med ein time i herbologi? Ein kan delta i quiz eller finne ut kva hus ein høyrer heime i.

– Vi håpar alle som er glade i Potter-bøkene vil kome til biblioteket, og det er flott om ein vil kle seg ut som Harry, Hermine eller nokon av dei andre magiske trollmennene og heksene på Galtvort. Velkomen til ein forheksa dag, fortel biblioteksjef Kristin Hatledal og dei tilsette på biblioteket i Stryn.