Signar ny gravplass til våren

Nyhende

Den nye gravplassen ved Nordsida kyrkje er no ferdig opparbeidd, med gravfelt til 246 graver og urnelund med plass til 30 urner. Vinsrygg Maskin har vore hovudentreprenør og stått for det meste av arbeidet.

Dei har hatt med seg Anleggsgartnar Sandal ved Steinar Sætre, som blant anna har mura den tosidige muren mot vegen. Samtidig med bygging av gravplassen, har ein bygd ei kjellarbod med betongplate ved enden av kyrja, til framtidig handikaptoalett til kyrkja.

– Signing av gravplassen er planlagt til våren, skriv Stryn kommune på nettsida si.