Fleire tomme butikklokale i Stryn

– Men ingen grunn til å svartmåle

Svak norsk krone, "Black Friday" og handelslekkasje. Årsakane til ein pressa varehandel er mange

Ledige butikklokale Varehandelen er pressa, men ligg ikkje nede  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Det er ikkje til å legge skjul på at varehandelen er inne i ei spesielt vanskeleg tid der fleire har stengd dørene siste året. Men lyset så absolutt ikkje sløkt i Stryn. Næringslivet og reiselivet i både Stryn og Nordfjord går veldig bra, men varehandelen står nok føre ei omstilling.