Søkjer om støtte til vedlikehald av Singerheimen

Styret for Singerheimen-stiftinga søkjer fylkeskommunen om støtte til vedlikehald av eigedomen.

Treng vedlikehald: Singerheimen i Olden. Foto: Gunnhild Sindre 

Nyhende

Stiftinga har motteke støtte til restaureringsarbeid under den pågåande fredingsprosessen, men der er vedlikehaldsarbeid som fell utanom denne finansieringsordninga som ein no ønskjer fylkeskommunen skal vere med og medfinansiere.

Stiftingsstyret er i dialog med Musea i Sogn og Fjordane om mogelegheitene for at dei kan ta ansvaret for drifta av Singerheimen som museum. Målet er å få avklara dette før sommarsesongen 2020.

I mellomtida ser stiftinga på naudsynt vedlikehald. Dei som vert nemnt er istandsetjing av veg på eigedomen (knapt køyrbar lenger, ifølgje styreleiar Åsne Helene Folstad), måling av fasadevegger på Villaen og kafé, og administrering av vedlikehaldsprosjekta. Totalt er kostnadane estimert til 465.000 kroner, og stiftinga søkjer no fylkeskommunen om 440.000. – Stiftinga har svært begrensa kapital, og difor tillèt vi å søkje om ein relativt høg støtteandel. Vi ønskjer å vektlegge betydinga av istandsetjing med håp om at Musea i Sogn og Fjordane vil drifte staden vidare, skriv styreleiar i søknaden.



Helga og Anna minnest livet i Singer

– Fru Singer mildna med åra. Ei hyggeleg dame, minnest Helga Melheim og Anna Hilde frå sommaren 1953 då dei arbeidde i lag i Singer.

900.000 til Singerheimen

Stiftinga for Singerheimen har fått ei løyving på nær 900.000 kroner til vedlikehald og dokumentasjon.

Fylkesdirektør Jan Heggheim:

– Alle vil Singerheimen vel

– Det er ope for alle til å kome med innspel, var bodskapen frå senior-rådgjevar Arlen Bidne på folkemøtet om Singerheimen i Olden tysdag kveld.

Kronikk av Marianne Sunde:

Singermuseet kan bli ei oppkome