Utval:

Barn må få rett til å bli høyrde ved samlivsbrot

Barna til foreldre som går frå kvarandre, skal ha rett til å bli høyrde og sjølv kunne gå til familievernstenesta for å få hjelp, foreslår eit utval.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Barn skal ha rett til å bli høyrde på familievernkontoret når foreldra skal gå frå kvarandre, foreslår eit utval.  Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Nyhende

Utvalet vart sett ned av regjeringa for å gå gjennom familievernstenesta. Torsdag legg utvalsleiar Line Henriette Holten fram forslaga i ein rapport til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Blant forslaga er ein lovfesta rett for barn til å bli høyrde når foreldra skal i eit obligatorisk møte med tenesta.

– Vi foreslår at barn skal få ein rett til å bli høyrde ved samlivsbrot. Det kan skje ved at foreldra får informasjon om kor viktig det er at barn blir lytta til, og at dei ut frå det legg til rette for at barna kan vere med på ein samtale på familievernkontoret, fortel Holten til NTB.

Barna kan møte familieterapeuten saman med foreldra eller åleine, opplyser ho, og legg til at utvalet òg foreslår at barna skal ha ein sjølvstendig rett til å få hjelp frå familievernkontoret, utan samtykke frå foreldra.

– Inga plikt

Det skal ikkje bli ei plikt for barna å møte, opplyser Holten. Ho seier at utvalet har vurdert korleis retten barna har til å bli høyrde skal handterast slik at det ikkje aukar presset på barn i ein vanskeleg situasjon og fører til vanskelege lojalitetskonfliktar.

Familievernstenesta skal legge til rette både fysisk og med kompetanse for å ta vare på barna, understrekar Holten, som tidlegare sat på Stortinget for KrF.

Ny meklingsordning

Utvalet foreslår òg endringar i ordninga med obligatorisk mekling. I dag har foreldre plikt til å møte til eitt meklingsmøte hos familievernstenesta, medan utvalet i staden vil kalle dette ein obligatorisk foreldresamtale.

Dei som sjølv klarer å bli samde om ei ordning for samvær for barna, treng ikkje å møte fleire gonger. Dei som ønsker hjelp til å mekle, skal få meir mekling enn i dag, foreslår utvalet.

– Så er det foreldra som ønsker å bruke domstolane som meklingsinstans. Her foreslår utvalet at dei må møte til seks timar med obligatorisk mekling før dei kan gå til rettssystemet, seier Holten.

Bakgrunnen for forslaget er at konfliktane ofte eskalerer i samband med rettssaker.

(©NPK)