Neste sesong er det venta 100.000 fleire til Olden

Totalt 177.253 cruisegjester besøkte Olden denne sesongen. Neste år vert det også solid auke i besøket - då er det venta 280.000 cruisegjester til Olden.

Sist: Astor var siste cruiseskip på besøk i Olden i år. Neste år vert det 130 cruiseanløp i indre Nordfjord, og om lag 280.000 gjester er venta til destinasjonen. Foto: Nordfjord Havn 

Nyhende

Astor avslutta cruise sesongen i Olden med i underkant av 500 gjester som fekk bortimot vinterlege tilstandar. Med første skip 18. april og siste skip 10. november er også sesongen utvida i begge endar i forhold til tidlegare.