Han er 55 år gammal, har vore i bilbransjen i 45 av dei og vert no ny Ford-forhandlar:

Rolf tek Stryn Mek verksted inn i ny tid

Han starta å trakke i hælane til onkel Rasmus som 10-åring. Sidan har Rolf Langeset vore fast inventar ved Stryn Mek Verksted. Laurdag inviterte han og dei 15 kollegaene til nyopning og markering som Ford-forhandlar.

Inn i ny tid: Rolf Langeset satsar på utviding i dobbel tyding: To butikkar i eitt og Ford som nytt bilmerke i tillegg til Subaru.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det er ikkje alle 55-åringar som kan skryte på seg å ha vore 45 år i bilbransjen. Det kan Rolf Langeset. I alle fall om ein ser litt stort på det. For guten gjekk sjølvsagt på skule og tok utdanning. Likevel, interessa for bil og reparasjonar fekk han gjennom onkelen, Rasmus Meland.