50.000 kr til førpremiere på Hoven

Stryn kommune har vedteke å imøtekome søknad frå Nordisk Film Production og gir 50.000 kr til førpremieren på filmen Tunnelen, som er lagt til Hoven.

Filmpremiere: Førpremieren på «Tunnelen» er lagt til Hoven 14. desember. Foto: Stefan Chlepko 

Nyhende

Filmprodusenten søkte opphavleg om 100.000 kr, men kommunestyret har i eit såkalla «fjernmøte» 13. november bestemt at dei kan gi halvparten. I følgje saksutgreinga har søkjar opplyst at svar må ligge føre innan 13/11, og ved negativt svar blir premieren flytta til ein annan stad.