Brann i Hornindal vart raskt sløkt

Hornindal brannvesen var raskt på plass og fekk sløkt brannen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Brannvesenet var raskt på plass og fekk sløkt ein brann i kjellaretasjen i eit bustadhus på Grodås midt på dagen tysdag.

- Det tok til å brenne i ein kondensator på ein fyrkjele. Det var opne flammar, men brannen vart sløkt raskt, opplyser politioverbetjent Vidar Stavik.

- Takka vere rask sløkking vart det minimalt skadeomfang. Det var heller ikkje personskade. Fyrkjelen er gammal, men vi veit ikkje kvifor det tok til å brenne i det elektriske, seier Stavik.