LEIAR:

Det er noko veldig ulogisk i å invitere til massive prisavslag ved inngangen til julehandelen

Ledig: 600 kvadratmeter butikklokale i Tinggata 17 har vore ledig siste året.  Foto: Roger Oldeide

Det er noko veldig ulogisk i å invitere til massive prisavslag ved inngangen til jule-handelen

Nyhende

Fredag presenterte Fjordingen ein større reportasje med fokus på dei mange tomme butikklokala i Stryn sentrum. Fleire av dei har stått tomme lenge, nokre utan anna marknadsføring enn plakatar i glasrutene. Enkeltvis finst det forklaringar på alle lokala som er utan aktivitet. Nokre har blitt tomme på grunn av konkurs, andre på grunn av dårleg lønsemd og dermed frivillig flytting. Andre lokale er tomme fordi nokon har flytta ut og andre er på veg inn. Enkeltforklaringar til tross, i sum er det lite heldig for eit handelssentrum som Stryn at så mange lokale er fråflytta. Tomme lokale betyr at aktiviteten som var der er lagt ned eller flytta. Årsakene til det er gjerne samansett og handlar ikkje berre om økonomien for ei enkeltbedrift. Det handlar like mykje om eit samfunn i endring, og kanskje og eit lokalsamfunn som ikkje har endra seg nok. Til dømes ved ikkje å vere aktive nok i kampen om å få dei rette verksemdene til å etablere seg i kommunen.