Karrieredag ved Stryn vidaregåande skule

- Interessant og lærerik dag

Torsdag vart det arrangert «Karrieredag» på Stryn Vidaregåande skule. Målgruppa var 10.klassingane ved ungdomsskulane i Olden, Stryn og Hornindal i tillegg til elevane frå Stryn Vidaregåande skule.

Nomek: Utvikling og bygg av septikbilar/krokbilar på karrieredagen ved Stryn vidaregåande skule sist veke.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Lokalt næringsliv stilte opp på 12 ulike stands. Dei var plassert rundt om på skuleområdet med representantar frå bedriftene som fortalde om krav til utdanning og jobbinnhald i dei ulike bedriftene. I tillegg var Forsvaret på plass for å fortelje om alle mogelegheiter ein ungdom kan søke gjennom dei.