Fullpakka i Heimlund:

Populær julemesse i Innvik

Julemesse er viktig for bygdene, og ein perfekt start på førjulssesongen. Grendahuset Heimlund i Innvik var fullpakka av utstillarar sist laurdag.

Godt jobba: Ingvild Johansen (t.v.) og Jill Trude Dyvang frå Innvik Bygdekvinnelag er glade for samarbeidet som fekk i stand julemesse også i år. 

Nyhende

Trass kort planleggingstid vart det også i år julemesse for bygda. Det var ei tid uklart med messelokale og arrangør sidan tradisjonen har hatt ulike konsept gjennom mange år. Handlekraftige damer i Innvik Bygdekvinnelag tok tak og fekk til ei julemesse med variert og spennande innhald. Samarbeidet mellom bygdekvinnene, styret for grendahuset Heimlund og Innvik Bygdeutvikling gjekk som smurt og på kort tid melde heile 25 utstillarar om interesse for å kome til bygda.