Tok opp att tradisjon med tenning av julegran på skulen

Tok opp att tradisjon: Hornindal Musikkorps tok opp att den gamle tradisjonen med å tenne julegrana ved Hornindal skule. Med ny, stor skuleplass er det og god plass til den store grana gitt av Olav Helge Svår.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I sitt 53. år er Hornindal Musikkorps i sin beste alder. Det viste korpset søndag, då dei samla eit så stort publikum i Honndalshallen at det måtte ekstrabord til. Korpsbasaren er det største årvisse arrangementet korpset inviterer til. Korpset er eit generasjonskorps, og det same er publikum. I tillegg til basar med servering, er dette og arenaen der korpset får vise fram breidda si.