Verdscupopning i skiskyting i helga:

Held Thingnes Bø som favoritt

Bettingselskapet NordicBet trur på ein ny jubelsesong for Johannes Thingnes Bø.

Ny suksessvinter? Johannes Thingnes Bø er favoritt til å gjenta fjorårets suksess med samanlagtsiger i verdscupen i skiskyting.   Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Stryningen klarte endeleg å vippe franskmannen Martin Fourcade ned frå trona førre sesong. No er Markane-løparen utpeika av tippeselskapet som favoritt til å gjenta bragden også komande sesong.

– Sist vinter var Johannes verdas klart beste skiskyttar, og vi trur han er den beste denne sesongen og. Men det blir nok ein tett duell med Fourcade. Franskmannen verkar å vere tilbake i form. Då blir han skummel denne vinteren, fortel Adrian Haugskott, som jobbar med odds på vinteridrett, i ei pressemelding.

Oddsen på at Johannes Thingnes Bø går til topps i den komande sesongen er sett til 1,65, medan Fourcade følgjer på plassen bak med 2,20. Oddsen på siger i verdscupen samanlagt til Tarjei Bø er sett til 40,00.