Samla om forslag til første budsjett i Vestland fylke

Sp, KrF, SV, MDG, V og Ap har samla seg om eit framlegg for det første budsjettet i Vestland fylke. Her står skular, kollektivtrafikk, kultur og frivilligheit sentralt, i følgje ei pressemelding frå dei seks partia.

Samde om budsjettframlegg: Frå venstre: Anne Gine Hestetun (gruppeleiar Ap), Aleksander Øren Heen (gruppeleiar Sp), Trude Brosvik (gruppeleiar KrF), Alfred Bjørlo (fung. gruppeleiar Venstre), Marthe Hammer (gruppeleiar SV) og Natalia Golis (gruppeleiar MDG). Foto: Kari Aakra / Hordaland Sp 

Nyhende

– I dette budsjettforslaget klarer vi å både kutte utgiftene med om lag 100 millionar kroner, samstundes som vi satsar på skule, klima og frivillig arbeid, og skjermar kollektivtrafikk. Det klarar vi gjennom omprioritering innan svært knappe økonomiske rammer, skriv dei seks samarbeidspartia.