Solheim har signert for Stabæk

Mats Solheim er klar for Stabæk fotball etter åtte sesongar i svensk fotball.  Foto: hammarbyfotboll.se

Nyhende

Mats Solheim, som nyleg avslutta karriera med bronsemedalje i svenske Hammarby, har signert ein treårskontrakt med Stabæk fotball.

Loaren, som blir 32 år om få dagar, gler seg til nye utfordringar:

- Vi har vore ute på eventyr i Sverige i åtte år, og no følte vi det var på tide å kome heim. Det nye eventyret her blir interessant. Dette blir en ny utfordring. Eg gler meg til å vere med på dette prosjektet, å bygge opp Stabæk igjen, seier Solheim til klubben som ligg trygt plassert midt på tabellen i eliteserien.

Mats Solheim vart ein særs populær spelar i Hammarby, og fekk nærast kultstatus blant fansen. No ser han fram til nye utfordringar i norsk fotball.


– Det kjennest rart og tomt, men også fint, å avslutte i Hammarby no

Laurdag spelte Mats Solheim mest truleg sin siste kamp for Hammarby i svensk toppserie i fotball. No set han og familien kursen heimover til Norge, men kvar det blir er enno uklart.