Stryn seier ja til 25 kvoteflyktningar

- Vil jobbe for ekstra ressurs til flyktningtenesta

Kommunestyret i Stryn vedtok tysdag å seie ja til busetjing av 25 kvoteflyktningar i 2020. Det vart også signalisert vilje frå fleire til å få på plass ei heil ekstra stilling i flyktningtenesta.

Fleire flyktningar og meir ressursar: Jarle Hessevik (Ap) er positiv til fleire flyktningar men meiner ein då også må prioritere meir ressursar til flyktningtenesta.  

Nyhende

- Dei kjem direkte frå utlandet og treng god opplæring. Rådmannen har lagt inn 50 prosent stilling, heilt sikkert av økonomiske årsaker, men eg vil signalisere at Venstre vil jobbe for å auke opp til 80-100 prosent, innleia Torstein Tvinnereim (V).