Vestlands-nestoren Jon Eikemo fyller 80 år:

– Eg har vore heldig

I desse dagar blir skodespelar Jon Eikemo 80 år. Karrieren starta for om lag 60 år sidan, etter at han forstod at pakkeluka på postkontoret ikkje var hans kall i livet.

Jon Eikemo blir 80 år 30. november. Sjølve dagen bryr han seg lite om, men han meiner sjølv han har levd eit rimeleg godt liv. Foto: Beate Haugtrø / NPK 

Nyhende

– Eg var i pakkeluka på postverket og det syntest eg var så keisamt. Eg hugsar at eg gjekk heim frå jobb og tenkte at eg måtte finne på noko anna. Så hadde eg høyrt at det var noko som heitte Statens teaterhøgskole, fortel skodespelar Jon Eikemo til Nynorsk pressekontor.