Mats Solheim:

– Stabæk har hatt eit sterkt ønske om å hente meg

Onsdag skreiv Mats Solheim under på ein kontrakt med Stabæk Fotball. Kontraktlengda er på tre år. No ser han fram til nye utfordringar i norsk fotball.

Stabæk: Mats Solheim skal spele for Stabæk i eliteserien. Loaren har signert ein treårskontrakt.   Foto: stabæk fotball

Nyhende

Solheim, som rundar 32 år neste veke, avslutta nyleg opphaldet i Hammarby med bronsemedalje i Allsvenskan. Etter til saman åtte sesongar i svensk fotball ser han no fram til nye utfordringar i Stabæk.