Avviklar fabrikken på Grodås:

Den siste honndalshytta

Honndalshytta AS er i praksis avvikla som driftsselskap. Siste honndalshytte er under bygging i Harevadet i Hornindal. Frå no vert selskapet agent for Røroshytta.

Den aller siste: – Dette er aller siste honndalshytta, bygd for sal i Harevadet. Det resterande tømmeret vi har att kan kanskje brukast til eit anneks eller eit mindre bygg. Men Honndalshytta som produkt er historie med denne hytta, seier Halvard Bøe.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Strengare reglar i forhold til tømmerdimensjon og isolasjon kombinert med at vi ikkje klarte å skape nok volum, gjer at Honndalshytta no er historie. I dag er det berre meg att i selskapet når siste hytta er i ferd med å bli ferdigstilt, seier dagleg leiar Halvard Bøe.