Farevarsel for stort snøfall i Nordfjord

Vinteren vil verkeleg gjere sin entre i store delar av landet dei komande dagane. Farevarsel om mykje snø er sende ut både på Vestlandet, Austlandet og Midt- og Nord-Norge.

Det kan kome så mykje snø fredag at meterologane har sendt ut farevarsel for Nordfjord og deler av Vestlandet. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Arkiv

Nyhende

Vinteren er i full ferd med å bre seg over heile landet. Etter fleire veker med gråvêr, regn og tåke blir det meldt om snøbyger inn mot helga både på Vestlandet, Austlandet og i Midt- og Nord-Norge.

Folk på Vestlandet kan finne fram att snøskuffa, då det er venta mykje snø nærare helga.

Frå fredag er det sendt ut farevarsel for Nordfjord, Møre og Romsdal og Trøndelag.

– På dei sørlegaste delane av Vestlandet, sør for Nordfjord, så vil det blåse og det kjem byger på kysten, men desse blir mindre lengre inn i landet. Temperaturmessig vil det liggje rundt omkring null grader inn mot helga, seier Berger.

(©NPK)