Vestland idrettskrets:

Oddny Grete Njøten i styret

Oddny Grete Njøten er vald inn i styret i Vestland idrettskrets.  Foto: Stryn handball

Nyhende

Oddny Grete Njøten frå Stryn er vald inn i styret i Vestland idrettskrets for perioden 2020-2022.

Nils R. Sandal (Breimsbygda IL) er vald til leiar, medan Anne Grethe Naustdal (Tambarskjelvar IL) blir nestleiar.

Styremedlemar er Aina M. Steinsland (Nordre Holsnøy IL), Jarl Svanberg (Kjøkkelvik IL), Oddny Grete Njøten (Stryn Turn og IL) , Lilly Schøyen (Sogndal IL) og Robert André Teikari Sveio Karateklubb). Vara: Trond Olav Magnussen (Stanghelle IL) og Tone Stavland (Bremnes IL).