Verdscupopning i skiskyting:

Jakta på verdscuptrofeet startar i helga

Kampen om verdscuptrofeet startar i helga for skiskyttareliten. Samstundes går dei første nasjonale konkurransane av stabelen på Geilo.

Östersund: Johannes Thingnes Bø vart nummer fire på sprinten i sesongopninga på Sjusjøen for fjorten dagar sidan. I helga startar jakta på eit nytt verdscuptrofe.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Fjorårsvinnar i verdscupen i skiskyting, Johannes Thingnes Bø, og Tarjei Bø er klare for dei første verdscuprenna i Östersund komande helg. Landslagstrenar Egil Kristiansen seier at brødrene Bø er i rute, men at særleg Johannes kanskje treng litt tid før han kjem skikkeleg i siget:

– Dei er begge i god trening og skal vere veldig klare til Östersund. Johannes treng kanskje nokre renn før det blir veldig bra, så han treng nok å gå mix-stafetten før sprinten på søndag.

I helga blir også første runde i norgescupen i skiskyting for senior arrangert på Geilo. Sprint og fellesstart står på programmet. Johan Eirik Meland (Markane IL), Erlend Bakken (Markane IL) og Vegard Skrede (Hardbagg IL) er påmelde til desse løpa.

Det blir også renn for aldersbestemte klassar, og indre Nordfjord stiller med ein fyldig tropp.