Hornindal skisenter fekk overrekt gåve:

Ny snøkanon aukar snøproduksjonen med 50 prosent

Hornindal skisenter kan gå framtida endå lysare i møte. Fredag overrekte Sparebank 1 Søre Sunnmøre ei splitter ny snøkanon til skisenteret.

Kanon avtale: Frå venstre: Amund Sverre Tomasgard, driftsleiar i Hornindal skisenter, Arne Lothe i Sparebank1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre, Veronica Kvalen Pilskog i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Randi Langlo i Hornindal skisenter.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Snøkanonen til 350.000 kroner vart overrekt av administrerande direktør i banken, Stig Brautaset, kommunikasjonsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog og Arne Lothe, leiar for personmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.