Usemje om fordelinga - men auka potten

Då formannskapet i Stryn handsama fordeling av driftstilskot til køyring av skiløyper, vart det nok ein gong diskusjon om kriteria for tildelingane.

Meir til Utvikfjellet: Kari Synnøve Muri (KrF) var mellom dei som meinte at Breimsbygda skisenter og turløypene på Utvikfjellet bør få auka driftstilskot. 

Nyhende

– Ting tyder på at vi ikkje er heilt i mål. Då vi hadde saka oppe i utvalet vart det etterlyst kriterium for tildelinga. Årets framlegg baserer seg på fjorårets, men det kjem ikkje fram kva som då vart lagt til grunn. Kvifor får nokon 20.000 og nokon 70.000. Vi valde å gi frå oss heile avgjerda, sa Kari Synnøve Muri (KrF), som er leiar for skule- og kulturutvalet.