Kommuneoverlegen kritisk til planen:

– Feil premiss

Kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken, meiner den prehospitale planen byggjer på feil premiss. Han oppmoda formannskapet om å stille seg bak det felles høyringssvaret frå kommunane, sjølv om ein ikkje nødvendigvis vert hardt råka sjølv.

Orienterte formannskapet: Kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken, orienterte formann-skapet om høyringssvaret utarbeidd av kommuneoverlegar og samfunnsmedisinarar i fylket. Det var full semje om å stille seg bak dette innspelet til den prehospitale planen til Helse Førde. 

Nyhende

Solbakken orienterte i formannskapet onsdag om høyringssvaret utarbeidd av samfunnsmedisinargruppa og kommuneoverlegar i fylket. Uttalen er òg forankra i KS i Sogn og Fjordane.