Festgudsteneste med to biskopar

Hornindal kyrkje.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Søndag vert det stor festgudsteneste i Hornindal kyrkje i samband med overgangen til nytt bispedøme.

Frå 1. januar, når Hornindal og Volda blir slegne saman til ei kommune, vil Hornindal sokn gå frå å vere ein del av Bjørvin bispedøme og Nordfjord prosti til å bli ein del av Møre bispedøme og Søre Sunnmøre prosti.

I samband med dette vert det festgudsteneste. Biskopane frå begge bispedøma, Ingeborg Midttømme, Møre og Halvor Nordhaug, Bjørvin, deltek.