Ligg ikkje an til dei store budsjettdiskusjonane

Formannskapet vedtok rådmannen sitt framlegg til budsjett, men signaliserte at endringar kan kome.

Stryn formannskap: Onsdag var formannskapet samla for å vedta rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan. 

Nyhende

Ståa i kommunen er langt frå kriseprega men samstundes peikar rådmannen på nokre realitetar politikarane må ta innover seg. Ein mister inntekter på grunn av færre innbyggjarar og eit distriktstilskot på seks millionar har falle vekk. Det er vidare lagt opp til utprega bruk av fondsmidlar i økonomiperioden for å dekke opp underskot. Per i dag rår kommunen over ca 30 millionar i frie fondsmidlar.